HEIM > BU > Bygdene > Åmotsdal


Åmotsdal

- det gode liv på landet


Åmotsdal

Midt mellom Seljord og Rauland ligg eit sprudlande lokalsamfunn som har vore prega av tilflytting og hytteutbygging dei seinaste åra. Under Brattefjell, Seljords høgaste fjell, finn du Åmotsdal.

Mellom bakkar og berg

Om du kjem austfrå og tek av E 134 ved Nutheim, litt før Seljord, kjem du til Åmotsdal. Det er ei lita fjellbygd med om lag 75 husstandar i Seljord kommune. Køyreavstand til Seljord sentrum eller Rauland i Vinje er omlag 30 minutt. Grendene Langlim, Dyrlandsdalen og Lisleherad soknar til Åmotsdal. Her er flott turterreng både sommar og vinter.

Ei levande bygd

I høve til folketalet er her mange lag og organisasjonar som arrangerer aktivitetar. Ikkje minst er det mange tilbod for ungar, med idrettslag, ungdomslag, 4H og sundagsskule. Åmotsdølar er kjende for å vera gode på dugnad, noko grendehuset og den nye butikken er døme på. Det vart lagt ned dugnadsarbeid for fleire hundre tusen kroner då "bui" vart bygd, i tillegg til at bygdefolk og hytteeigarar gjekk inn med aksjekapital. Kvart år arbeider heile bygdi saman på Dyrsku'n, årets storhending i Seljord, med 80.000 besøkande frå heile landet. Her sel Åmotsdølane heimelaga rjomegraut og lynlodd. Som takk får dei bruke grendehuset gratis til dåp, konfirmasjon og andre selskap.

Kunst og kultur

Dette er og ei bygd som har fostra mange kunstnarar innan rosemåling, trearbeid, sylvsmiing m.m. Den mest kjende er nok Jarand Aasmundson Rønjom, som m.a. har bygt kyrkja i bygda. Eva Bull Holtes museum og handverkstunet på Sneie er ope kvar sommar. Her finn du kunstutstilling, mat og lokalproduserte varer til sals. Skulen og barnehagen har fokus på nærmiljøet og formidlar kultur og tradisjon vidare til neste generasjon.

Attraktivt lokalsamfunn

Dei seinare åra har Åmotsdal vore prega av tilflytting av unge folk. Det ryk av pipene på gardar som har stått tome i fleire år. Dette er sjølvsagt veldig positivt, og ein håpar dette bidreg til å halde liv i skulen framover. I tillegg til barneskule finst det barnehage, SFO og aldersheim i Åmotsdal.

Heimeside for Åmotsdal

E-post:  aamotsdalSPAMFILTER@hotmail.com <aamotsdalSPAMFILTER@hotmail.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.