HEIM > BU > Bygdene > Byrte


Byrte

- det gode liv på landet

Geitetrillane ved Tveiten

Venstre stein for menn, den midt i for kvende og veslesteinen for born. 


Byrte

Ei fredsam avstikkarperle mellom Vinje- og Lio-svingen

Hjarteleg velkomen til fots, hest, ski eller kor mange hjul du vil!

Ta turen om grendene langs Byrtevatn! Det milelange vatnet er ypparleg å padle og fiske på om du tek med deg utstyr. Får du napp eller ynskjer å ta livet med ro, kan du dandere fram piknik på bygdas badeplass, der vår trufaste kolgrill står til utlån. Turentusiastar kan ferdast opp til Nutebugen, skrive namnet sitt i postkassene innover i Byrtedalen og mot Byrtenøsi, eller fylgje merkt tursti frå Hommo og over til Tjønnebrotsbu/Hovden (2-3 mil unna). 

Om våren, før vatnet demmast opp, kan ein dessutan besøkje "Geitetrillane", Byrte sitt svar på "Kettlebells". Ein sikker styrketestar.

Ikkje gjer som kongeparet

Kongeparet måtte på grunn av manglande offentleg toalett droppe vegen gjennom Byrte under kommunevisitten i 1996. Dei gjekk dermed glipp av flotte gardsbruk, 3900 firbeinte ulldottar, postkassestativet Greggar (som i sine yngre dagar såg så ekte ut at dei lokale helsa på han), og Vest-Telemarks kanskje mest snertne campingplass rundt grunnmuren av Børte hotell (som vart til fjellstove på Bjåen).

Me kan også skryte av at turbobudeia Bodil Nordjore er her ifrå og har latt seg inspirere av lokal mattradisjon. Ikkje minst gjekk Ivar Aasen seg vill i Byrte, på si språklege ferd mot Vinje. Utfallet vart det noko irritable diktet "Byrteheidi", som kan høyrast framført av Egil Hegerberg her (om du har Wimp).

Kva skjer i Byrte?

Bygda med sine om lag 100 fastbuande har eit stort engasjement for å skape trivsel blant store og små, innbyggjarar, besøkjande og sjølvsagt potensielle innflyttarar. Difor vert det arrangert tilstelningar for ein kvar smak. Kvart år er det duka for Byrterennet, skikarusellar, aktivitetskveldar for dei unge, basarar og andre høgtidsmarkeringar. I tillegg arrangerast det guida fjellturar om sumaren. Ein sundag kvar haust og førjolstid kan du fylle korga med freistande marknadsvarer frå lokalprodusentar i Vest-Telemark, ellers i fylket og nabofylkingar.

Vel møtt og god tur! 

PS: Skal du på tur og vil forbi Hommo-bommen med bil? Ta kontakt med John Utigard på telefon 918 40 586 for lån av bomnøkkel.

Hels på Greggar!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.