HEIM > BU > Bygdene > Fjågesund


Fjågesund

- det gode liv på landet


Fjågesund

”Fager er bygdi med stupbratte liar, fjorden ligg speilblank og klar”, heiter det i Fjågesundsongen. Bygda ved det fagre sundet eller bygda midt i leia er også ofte sagt om grenda mellom Flåvatn og Kviteseidvatnet.

Fjågesund - det vakre, blide sundet

Fjågesund har som dei fleste andre bygder i Vest-Telemark rikeleg med flott natur, og her er eit vestlandsk preg på måten Bandakkanalen skjer seg gjennom landskapet. Litt i overkant av 80 innbyggarar bur i dag i bygda. Eit aktivt idrettslag, ei stimulerande velforeining og eit levande grendehuslag gjer sitt for å skape trivsel på ulike måtar.

Gjennomgangsbustaden

Tidleg på 1990-talet starta arbeidet med å setje opp ein bustad som var tenkt som ein mellombels bustad for for eventuelle nye fjågesundingar. Fjågesund vel/Fjågesund grendehuslag stod for framdrifta av det dugnadsbaserte arbeidet. Gratis tomt vart gitt og skilt ut frå eigedomen Midtbøen i Bergstod. Bustaden har vore utleigd så godt som heile tida frå starten av, og i dag bur det eit ungt par i bustaden som forhåpentleg vel Fjågesund som si bygd i framtida. Fjågesund vel står for vedlikehald og utleige av bustaden.

Kort veg til sentrum

Ingen bur i Fjågesund fordi ein likar å bu sentralt, men kartet lyg ikkje. Her er sentralt. Kort veg til mange litt større senter er det alle dei tre vegane som fører ut av bygda.

Heimeside: www.fjaagesund.com



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.