HEIM > BU > Bygdene > Flatdal


Flatdal

- det gode liv på landet

Uppigard Natadal

Nutheim

Skorve

Flatdal kyrkje


Flatdal

Trivelege Flatdal høyrer til Seljord kommune, og husar over gjennomsnittet mange kunstnarar.

Kring 400 små og store innbyggjarar har heimen sin i Flatdal. På dei om lag 100 km2 som utgjer bygda finst både barneskule, barnehage, daglegvare, teminaldriven bensinstasjon og fleire småbedrifter. Aktivitetstilboda femnar også breitt; frå fotball-, sandvolley- og tennisbane nedst i dalen - til skitrekk og musikkstudio øvst på grensa mot Svartdal. Kanskje er det mangfaldet som fører til at så mange unge vel å etablere seg her?

“Den vackraste utsikten…”

Utsikten over Flatdal er storslagen, og nytast best frå E134 som krokar seg langs fjellsidene mot nord. Då prins Oscar (som seinare skulle bli konge av Sverige) vitja Brendehaug i 1870 utbraut han “Detta är den vackraste utsikten jag någon gong har sett.” Desse orda har blitt festa på plakett, og steinen han stod på den gongen har fått namnet “Kongehella”.

Truleg er det nettopp denne vidgjetne utsikten som i kombinasjon med den mytiske Telemarkskulturen har lokka biletkunstnarar til Flatdal i over hundre år. Henrik Sørensen, Thorvald Erichsen, Erik Werenskiold, Harald Kihle og Kai Fjell er berre nokre av mange kunstnarar som har funne inspirasjon i den dramatiske naturen som omgjev Flatdal – og Nutheim Gjestgiveri, som frå gamalt er kjend som kunstnarhotellet i Telemark.

Levande gjestegardar

Nutheim Gjestgiveri er eit lite, familiedrive trehotell med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og kan reiknast som eit levande kunstgalleri i seg sjølv. Framleis held vertskapet med jamne mellomrom arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, gjerne av og med lokale aktørar. Gjestgiveriet er eit høgt elska knutepunkt for innbyggjarar og besøkande i Seljord. 

I Flatdal finst dessutan gjestegardane Uppigard Natadal høgt oppe mot Mælefjell i aust og Garden Kvåle på flata i sør. Her kan besøkjande oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. 

Soger, segner og landsbyliv

U-dalen Flatdal oppstod då isbreane trekte seg attende for tusenvis av år sidan. Dalbotnen er ei stor samanhengande flate med dyrka mark, krinsa av høgreiste Skorve i vest, Mælefjell i aust og Bindingsnuten i nord. Langs foten av Skorve ligg gardane samla i ein tett huskrull. Desse utgjer til saman ein av dei få landsbyane som finst her til lands, og med bygningar som kan daterast heilt attende til mellomalderen er landsbyen eit verna kulturminne. Spreidde utover mot Flatsjø i sør ligg dei fruktbare jorda som høyrer til gardane, og her dyrkast både korn og gras til husdyrfôr.

For landsbyen sin del må ein håpe at den gamle spådomen om den store steinblokken som står sprikande på skrå ut av Skorve ikkje slår til. Det seiast at blokken ein gong skal rase ut av Skorve, og når den treffer Flatsjø skal heile dalen leggjast under vatn. Steinblokken har fått namnet Spådomsnuten, og representerer ein kultur som den dag i dag står sterkt i Flatdal: soger og segner.

Mange mytiske figurar har sitt opphav i og omkring Flatdal, og på tre ulike stader i bygda er det sett opp såkalla kikkeskåp i stein. Kikkeskåpa inneheld skulpturar av lokale kvinneskikkelsar som det er knytt ei spesiell historie til, og er utforma av kunstnarar som høyrer til i området. 

Konsert på Nutheim

Vinter

Delsobilen, laga av Pedro Delso Rupérez, mannen bak triangulismen. 

Nutheim Gjestgiveri



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.