HEIM > BU > Bygdene > Lårdal


Lårdal

- det gode liv på landet


Lårdal

Den gamle, ærverdige industristaden ligg vakkert til ved innsjøen Bandak, og er nest siste stoppestad for båtar opp Telemarkskanalen.

 
Lårdal er ei lita bygd i Tokke kommune. Der andre bygder opplever fråflytting, spirer og gror det bokstavleg talt i Lårdal, som er kjent for sitt varme klima, unike fauna, spektakulære turtilbod og kreative og vennlege innbyggarar.

Eit klimatisk vidunder

Bygda ligg sørvendt til, avgrensa av Bandak i botn på om lag 72 moh., og eit fjellparti på kvar side som ragar 600 meter høgare. Lårdalsåi slynger seg ned igjennom dalen med friske dråper frå ei mengde bekkar og mindre vatn lengre oppe. Saman bidreg sol, fjell, rein luft og vatn til eit faunamangfald du ikkje finn maken til andre stader. Så behageleg er sumaren i Lårdal at grøne druer kan etast rett frå busken.

Pila peiker oppover

Lårdal har om lag 220 innbyggarar. Dei siste åra har særleg fleire unge busett seg i bygda, og talet på born i skule, barnehage og SFO er jamt stigande. Bygda kan også skilte med eige heimebakeri, bibliotek, alderspensjonat, gjestehus med servering, campingplass med gatekjøkken, kyrkje, produksjon av honning, eigen badestrand, parkanlegg med sandvolleyballbane, småbåthamn med gjestebrygge, m.m.

Småsamfunnsprosjekt

Lårdal blei i 2007 valt ut som deltakar i eit småsamfunnsprosjekt støtta av Kommunal- og regionaldepartementet, Telemark fylkeskommune og Tokke kommune. Prosjektet fekk namnet "Lårdal Liv Laga", og hadde som mål å styrke livsgrunnlaget for bygda ytterlegare. Hovudresultatet av prosjektet er ei enno meir samla bygd, der dugnadsånda held fram også etter prosjektet. Bygdefolket har pussa opp "Vassfronten", området ned mot Bandak, til glede for seg sjølve og alle andre som tek turen til Lårdal. Ungdomshuset på den gamle sagbrukstomta har blitt den nye samlingsplassen i bygda.

Lårdal har to arrangement som er på faste tidspunkt:

Siste sundag i april

Vårdag i Lårdal med NM i ”Kaste på stikka”

Siste laurdag i mai

Turmarsjen Lårdalstigen (”Tøffare enn Besseggen”) som går frå Dalen til Lårdal



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.