HEIM > BU > Bygdene > Morgedal


Morgedal

- det gode liv på landet


Morgedal

Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Ein annleis "reiselivsmetropol"

Morgedal finn du i Kviteseid kommune, og du vil snart sjå at bygda er lykkeleg skåna for den ”overutviklinga” ein kan møte i andre reiselivsmetropolar. Morgedal er prega av eit aktivt jordbruk, og derfor ligg alt til rette for å oppleve nærkontakt med kvardagen i ”Mor Noreg”. Det bur berre om lag 250 menneske i bygda, men samhaldet er sterkt, og der finst fleire lag og arbeidsgrupper som verkar for bygdas beste. Lokale dugnadsdagar er populære, og så å seie heile bygda møter fram med høveleg reiskap for å hjelpe til med å gjera grenda rein og ryddig. Den lokale butikken leverer ikkje berre daglegvarer, men er også ein møtestad der folk gjerne tek seg tid til å slå av ein prat og høyre siste nytt.

Brau, øl og godt klima

Morgedal er frå naturens side forma som eit amfiteater, der den sentrale delen er dominert av ein liten innsjø med bratte åsar ikring, oftast snøkledde i vintermånadene. Morgedalstjønni ligg på 430 moh. og dei omkringliggjande åsane og fjella på opp til 1100 meter. Bygda får derfor eit typisk innlandsklima med kalde og stort sett snøsikre vintrar og tempererte somrar.

I Morgedal lagar dei sitt eige brau (flatbrød), driv med gardsturisme, og dei har til og med sitt eiget ølbryggarlag (Morgedal susle og ølbryggarlag). Sjekk ut:

Arrangement

Multisport Morgedal - adventure racing in the cradle of ski sport from Morgedal Norway on Vimeo.

BAGJUMP Morgedal from Morgedal Norway on Vimeo.

Ski the world's first ski slopes in Morgedal from Morgedal Norway on Vimeo.

Heimeside: www.morgedal.com

Morgedal 1860-åra. Sjå film:



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.