HEIM > BU > Bygdene > Øyfjell


Øyfjell

- det gode liv på landet


Øyfjell

Høgt til fjells, midt mellom aust og vest, finn du langt meir enn luntande elgar i solnedgang. Du finn mellom anna nokon som kallar seg Øyfjellingar, samt ein lama i ny og ne. Lyst til å bli betre kjend med oss?

Korleis høyrest livet i bygda vår ut?

Det sit langt inne, men me må ærleg innrømme at me har høyrt om enkelte som av ulike årsakar ikkje heilt forstår at dei er i Øyfjell før dei alt har køyrt forbi. Med det i bakhovudet kan me forstå at det finst dei som oppfattar mottoet vårt "Øyfjell – ei levande bygd", som vel spenstig. Det skal imidlertid meir enn eit par heva augebryn og litt oppgitt hovudristing til før me vik frå det standpunktet. 

Bygda vår er nemleg full av liv...

Det er berre om å gjere å stoppe bilen, strekkje litt på beina – og bruke øyro. Der høyrer me Torild koma durande på Vespaen sin, på veg for å låse opp bui. Oppe ved den nye barnehagen hoiar det høgt frå muntre småfolk. Det som akkurat susa forbi deg var nok sykkelgjengen som var ute og testa dagsforma, og inne i grendehussalen har Emilie fått opp både pulsen og stemninga blant aerobic-koppelet sitt. Der gjallar det i eit børseskot frå skytebanen, men lamaene til Helge ser ikkje ut til å skake seg nevneverdig opp av den grunn – dei er travelt opptatt med å avrunde ein middels hektisk dag på sommarbeite med ein kameratsleg spyttekonkurranse. Der kjem det eit skrål ifrå toppen av Vehuskjeringi, der plaskar det frå kajakktrening på Bergsvatn. Der rautar ei kyr på Skolås, og der mekrar ei geit på Raundalen. Det blir saga, høvla og måla i Straumekrysset, det blir kjevla i ein omskolert revegard, der klirrar det i ein kaffikopp – det blir rødd og ledd. Og av og til er det heilt stille. Kan hende berre lyden av eit fiskevak, ei doven humle eller at snoen legg seg.

Du må kanskje vidare no –

men den lyden du har tatt med deg inn att i bilen er altså lyden av livet her i Øyfjell.

Det er eit godt liv, syner me som bur her. Så godt at me ikkje kan tenkje oss å bu nokon annan stad enn akkurat her! Midt mellom aust og vest, omgitt av skog og fjell – og i lag med 300 herlege sambygdingar.

Har du lyst til å bli ein del av lyden av Øyfjell du òg, er du meir enn velkomen!

Sjekk ut den fine heimesida vår!

www.øyfjell.no



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.