HEIM > BU > Bygdene > Svartdal


Svartdal

- det gode liv på landet

Vinterbryllaup på Lien Fjellgard

Sjå film frå Skarsvegen:

Kulturlandskap, slåtteeng

Ingjersmoen langs Skarsvegen. Foto: Halvor Aakre


Svartdal

Ei grend mellom Flatdal og Hjartdal.

Bygda strekkjer seg frå Køsi og Blengsdalen i sør til Nørsteteig i nord, ei lengde på over seks kilometer.

Kjend for kulturlandskapet

I Svartdal bur det rundt åtti personar, og mange av desse er barnefamiliar. Fleire av gardane husar sauedrift, og her er òg ein gard med mjølkedrift. Landbruket ber mykje preg av tradisjonell drift. Dei mange bratte jorda gjer det vanskeleg å bruke nye og tunge maskiner. Dette er med på å gjere landskapet unikt. Svartdal er kjend for kulturlandskapet sitt med gamle slåtteenger, styvingstre og ikkje minst enorme mengder av Systermarihand, som blømer i slutten av mai. I 2003 ble Svartdal nominert til UNESCOs pris for kulturlandskap.

Dalen hadde også eige postkontor fram til nyttårseftanen 1978. Posthuset frå 1937 var ikkje større enn 16 kvadratmeter, og står i dag på Norsk Folkemuseum.

Elles i grenda er det både bedehus og kapell, og ikkje minst bygningar og gruvegangar etter Blika Gullgruver. Her er det òg oppkøyrde skiløyper innover heiane om vinteren.

Aktivt grendelag og Noregs minste fleirbrukshus

Svartdal har eit svært aktivt og inkluderande grendelag med over 100 medlemmer som skipar til tilstellingar og dugnadar til glede og nytte for innbyggjarane. Mellom anna bygde grendelaget saman med mange gode støttespelarar kanskje Noregs minste fleirbrukshus, ei grillhytte inn mot Melsom, øvst i dalen. Den er open for alle på tur.

Lien fjellgard, ein slektsgard frå byrjinga av 1600-talet, har fasilitetar til kurs, konferansar og større selskap. Vertskapet er innehavar av kvalitietsmerket Olavsrosa. Spinneriet Telespinn held til på garden Midt-Svartdal. Der blir det spunne dei vakraste trådar av spesielt fiber frå Mohair-geita.

Verneverdig veg

Den 7 km lange Skarsvegen gjeng frå Svartdal over Skaret til Åmotsdal. Frå gamal tid var han hovudvegen frå nedre og austre Telemark og vestover til Rauland og Vest-Telemark. På 1800-talet blei vegen gjort farbar for hest og kjerre, og var i bruk fram til i 1860-åra. I dag er han ein godt bevart, nasjonalt verneverdig 1800-talsveg, ideell for fotturar. Langs vegen kan ein oppleve natur- og kulturlandskap med spor etter gamal busetnad.

Sjå vinterfilm 

Laga av den unge filmskaparen frå Svartdal, Zacharias Grøstad:

 

When we grow up from Zacharias Grøstad on Vimeo.

Noregs minste fleirbrukshus?

Damene på spinneriet

Svartdals famøse coverband - Svartdal Groovekompani. Sjå video!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.