HEIM > BU > Bygdene > Vinje


Vinje

- det gode liv på landet

Vinje skulekrins

Klikk for stort bilete


Vinje

Kultur-Telemarks hjarte.

Vinje kulturområde

Skulekrinsen Vinje i Vinje kommune blir kalla Vinje kulturområde. Ikkje utan grunn: dei seks grendene Særensgrend, Bøgrend, Våmartveit, Vinje, Smørklepp og Mogane med Grungebru, har fostra mange kulturpersonlegdomar opp igjennom tidene. Den tvisynte forfattaren og samfunnsrefsaren Aasmund Olavsson Vinje, forfattaren Tarjei Vesaas og musikanten Odd Nordstoga har alle trakka sine barnesko i desse grendene.

Kultur og skaparkraft

Det er ikkje berre dei mest kjende og profilerte kunstnarane som bidreg til dette særskilde ryktet på kulturfronten. Bygdefolk med gode evner når det gjeld både kunst, handverk, litteratur, mat og musikk har sett sitt preg på livet i Vinje både før og no. Medvitet om denne kulturelle arven er noko innbyggarane ber med seg og er stolte av.

Liv i Vinje

Frå 2009 til 2012 vart bygdemobiliseringsprosjektet "Liv i Vinje" gjennomført. Målet med prosjektet var m.a. å auke trivselen lokalt og å få rørsle i ein sovande bustadmarknad. Det skjedde mykje spennande i Vinje i desse tre åra, og eit eige styre fører no arbeidet vidare. Meir info om dette kan du få på www.livivinje.no.

Frå hausten 2013 flytta alle skuleungane frå Vinje Skule til Åmot Skule som er 10-20 minuttars køyring unna, avhengig av kvar ein bur i skulekrinsen. Åmot er kommunsenteret i Vinje kommune og opna ein nybygd skule denne hausten. Barnehagen i Vinje er framleis i sving, bygda har ein eigen gardsmatbutikk som sel lokal og økologisk mat i Bøgrend, og i sommarsesongen kan ein m.a. nyte god mat og ferske bakevarer på trivelege Mjonøy kultursenter.

Enternasjonal paafonndag og måndagsmiddag

På palmesundag arrangerer vinbyggjane "Den enternasjonale Paafonndajen" til minne om A.O. Vinje som har fødselsdag på den tida, og som i 1867 sa at:

"Folk maa eingong um Aaret vera galne og slaa seg lause og snu up ned paa alle Ting."

Kvar måndag et bygdi felles middag på samfunnshuset Vinjar. Maten blir laga på dugnad og initiativet har blitt ein unik møteplass for store og små. 

Bøgrend Autofest 

Den sjangerfrie musikkfestivalen Bøgrend Autofest såg dagens ljos i august 2010. Festivalen, som vart arrangert på ein nedlagt bensinstasjon tre år på rad, vart ein stor suksess både blant bygdefolk, tilreisande, presse og ikkje minst artistar. Arrangørane har no teke ei tenkjepause for å sjå om dei kan finne ein bêrekraftig måte å drive festivalen på. Sjå www.bogrend.no.

Heimeside: www.livivinje.no

Liv i Vinje på Facebook



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.