HEIM > OPPLEV


OPPLEV

Kultur frå i går til i dag


Frå hardingfele til trippel backflip

I vestfylket av Telemark finn du folketradisjonen i levande live, både gjennom mat, musikk, kunst- og handverk og forteljarkunst. Samstundes finn du den innovative vesttelen, med sans for utvikling og nye idear, for å bevare folkelivet og busetnaden i denne delen av Noreg.

Frå vidde til sørlandsidyll

Seks innlandskommunar som strekker seg frå majestetiske fjell- og viddeområde i Vinje, til djupe dalar i kraftkommunen Tokke. Gjennom kanal- og turistkommunen Kviteseid og kultur- og sogesenteret Seljord, til mystiske og naturskjønne Fyresdal og ”sørlandsidyllen” Nissedal.

 

Tre dalar og tre innsjøar. Lag deg ein feriedag og bli med Tone på Tur i haustferien!

Tysdag 11. oktober byr Norsk Villreinsenter, Hardangervidda nasjonalparksenter og Bodil Nordjore på tamrein-kveld på Skinnarbu.

18. oktober opna utkikkstårnet ved Seljordsvatnet. Her kan du speide etter sjøormen!

På garden Døli i Tokke har dei utvikla eit spennande konsept som får naturfotografar til å rope halleluja...

Ein spennande regional konferanse finn stad i Seljord 18. oktober. Velkomne til ein smakebit av SOGELANDET!

Seljord kommune er ikkje som andre kommunar. Dei har ein sjøorm i vatnet - og i haust bygger dei eit 17 meter høgt kikketårn for dei som vil skue etter den mystiske skapningen.

Ope seminar på Raulandsakademiet 22. september

For mange vest-telar er ein tur på Dyrsku’n nesten obligatorisk. Nokre må møte på grunn av vakter og dugnadsarbeid, men me andre, me kjenner at me bare reise dit denne andre helga i september.

Til helga er det Dyrsku’n i Seljord. Årets store fesjå, landbruksmesse, husflidsutstilling og i år; større område for dei som produserar småskalamat.

Fredag 2. september opnar den gamle Tjørullkroa i Treungen opp igjen etter nokre år med stengde dører og mørke vindauge.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.