HEIM > OPPLEV


OPPLEV

Kultur frå i går til i dag


Frå hardingfele til trippel backflip

I vestfylket av Telemark finn du folketradisjonen i levande live, både gjennom mat, musikk, kunst- og handverk og forteljarkunst. Samstundes finn du den innovative vesttelen, med sans for utvikling og nye idear, for å bevare folkelivet og busetnaden i denne delen av Noreg.

Frå vidde til sørlandsidyll

Seks innlandskommunar som strekker seg frå majestetiske fjell- og viddeområde i Vinje, til djupe dalar i kraftkommunen Tokke. Gjennom kanal- og turistkommunen Kviteseid og kultur- og sogesenteret Seljord, til mystiske og naturskjønne Fyresdal og ”sørlandsidyllen” Nissedal.

 

Lårdal Vel inviterer alle til Lårdal laurdag 27. august for å sjå resultatet av småsamfunnsprosjektet Lårdal Liv Laga

Rehabiliteringssenteret AiR (før Attføringssenteret i Rauland) markerer jubileet med å invitere til ope hus laurdag 27. august. Det blir eksklusive kulturelle innslag, aktivitetar for små og store, og mykje meir!

Laurdag 20. august arrangerer Morgedal Utvikling og Morgedal IL Multisport Morgedal for femte året på rad.

Laurdag 20. august kan du få med deg omvisning og konsert i flotte kyrkjer langs Telemarkskanalen.

Frå sommaren 2010 til no har det kome 3.100 namn på dei 14 fjelltoppane som turgruppa i idrettslaget har bøker på. Skuggenatten har ikkje overraskande flest, faktisk over tusen.

Avstikkar til Dansarsteinen

Noregs største tevling i folkemusikk går i år av stabelen i Seljord. Tusenvis av kappleiksentusiastar inntek denne helga Vest-Telemark.

Du finn både det groteske og det vakre når du besøker årets sommarutstilling i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun.

Kviteseid kunstforening - Port Arthur - feirar helga 16. - 19. juni Telemarkskanalens 150 - årsjubileum med eit spektakulært arrangement!

Tysdag 21. juni inviterer me til Vandrefrukost i høve opninga av VandreTelemark sitt løypenett.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.