HEIM > OPPLEV > Akademiet på fjellet – ei ukjend perle?


Akademiet på fjellet – ei ukjend perle?

Kultur frå i går til i dag


Akademiet på fjellet – ei ukjend perle?

26 mars 2013

Det fantastisk spennande og store kurstilbodet på Raulandsakademiet er ukjend for mange. 

Akademiet høgt til fjells!

Her kan du kvar sommar unne deg ei veke på ”leirskule” for vaksne. Kva med å fordjupe deg i noko du har drøymt om å lære deg lenge? Eller kva med noko du aldri i verda hadde drøymt om at du skulle lære deg? 

65 kurs å velje i

Om sommaren og i helgene arrangerer Raulandsakademiet kortare kurs, hovudsakleg innan husflid og handverk. Kursa blir arrangert i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. I år tilbyr dei ca 65 kurs.

> Her kan du laste ned kurskatalogen! 

Detaljinformasjon om kursa finn du på www.raulandsakademiet.no

Full pakke

Raulandsakademiet er medlem i “Norske Vandrerhjem” og  tilbyr, i tillegg til kurs, rimeleg overnatting og mat til gjestene.

Vest-Telemarkportalen vil framover våren presentere eit utval av dei kursa ein kan ta på Raulandsakademiet i år. For å gje deg ein smakebit kan me nemne at nye kurs av året, i tillegg til ei aktivitetsveke for born frå 8-14 år, er kurs i:

Keramikk og rakubrenning. Vi får besøk av Erzsebet Kabai frå Ungarn som er kjend som folkekunstmeister i heimlandet. Samstundes vil Andras Varga lære bort korleis ein lagar blyglas-lampeskjerm.

Neverfletting, plantefarging og spinning av ull. Det er minst 10 år sidan sist det var på programmet.

Ta vare på den gamle omnen din. Ikkje la han bli spiker! Han kan bli like god som ny og det er framleis lov å bruke han.
Anders Sundvold vil lære bort kunsten.

Eller ta vare på dei gamle bøkane dine. Meld deg på bokbindarkurs med Lisa Bøthun!

Veske av resirkulert traktorslange. Redesign av klede eller fletting med søppel. Spanande kurstilbod der ein nyttar materiale som elles er søppel.

Folkehøgskule på 70-talet

Raulandsakademiet blei bygd som ein folkehøgskule fyrst på 70-talet. Fyrst på 90-talet blei Telemarkstunet bygd opp med kopiar av gamle, lafta hus frå distriktet. Desse bygningane blir bruka til verkstad og utsal for handverkarar, kafé og undervisningsrom.

Raulandsakademiet 
Telefon: 35 07 32 92 
E-post:  postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no  <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
N-3864 Rauland



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.