HEIM > OPPLEV > KURSTIPS # 2: Redesign av klede


KURSTIPS # 2: Redesign av klede

Kultur frå i går til i dag

Veronika i aksjon

Bluse: 100% gjenbruk, laga av silkeskjorte. Selekjole: 100% gjenbruk, laga av snikkarbukse.

Rethink. Foto: Aliona Pazdniakova.


KURSTIPS # 2: Redesign av klede

18 april 2013

Den gamle favorittbuksa di kan bli til ein tøff kjole! Ein av Noregs mest spennande klesdesignarar held kurs i redesign på Raulandsakademiet i sommar. 

Å TRYLLE MED KLEDE

Har du klede liggande som ikkje har rett fasong, som har slitne delar, men som har eit stoff du berre elskar? No kan du lære å lage nye plagg av gamle klede! 

Lærar Veronika Glitsch gjev deg rettleiing i å få fram dine eigne idear og ynskje. De spretter frå kvarandre delar av plagga og set delane saman på nye måtar. De jobbar med innprøving på eigen kropp og får rettleiing i saumteknikk slik at resultatet blir profft.

Bukser blir til kjolar og eit skjørt kan bli til ein flott tunika! Og har du t.d. ei altfor stor kåpe, kan du lære deg å sy ho om, slik at ho passar perfekt. 

> Sjå spennande døme på heimesida til Veronika

Veronika kan trylle med tekstilar. Kleskunstnaren kombinerer dette med miljøbevisstheit, og klesmerket hennar Rethink er ei motvekt til masseproduksjonen i dagens klesindustri. Ho har i mange år kun laga klede av økologiske materiale og gamle klede (gjenbruk). Glitsch lagar éin kolleksjon (50-70 plagg) i året. 

OSLO FASHION WEEK

I 2007 og 2008 hadde Veronika eigne visningar på Oslo Fashion Week. Dersom ho skal vera med fleire gonger, må ho masseprodusere, slik at ho kan forsyne fleire butikkar med klede.

"Jeg har bare nok til å forsyne én, fordi jeg ikke lever av å selge klær, men av å undervise", fortel ho til Telemarksavisa.

Glitsch har 10 års utdanning innan klesdesign og er ein framifrå pedagog.

> Debuten på Oslo Fashion Week i 2007, Budstikka

> Les sak om Veronika i Telemarksavisa

Kurset varar frå måndag kl. 19 til sundag kl. 12. Påmeldingsfrist er 21. mai.

> MEIR INFO - MELD DEG PÅ - RAULANDSAKADEMIET

> LAST NED HEILE KURSKATALOGEN 

Raulandsakademiet er den staden i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk!

1. - 8. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V

Sjå bildeserie:

Aliona Pazdniakova Fashion photography: Series of photographs for design clothes "Rethink" by Veronika Glitsch.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.