HEIM > OPPLEV > KURSTIPS # 3: Aktivitetsveka på Rauland


KURSTIPS # 3: Aktivitetsveka på Rauland

Kultur frå i går til i dag


KURSTIPS # 3: Aktivitetsveka på Rauland

25 april 2013

I juli vert det aktivitetsveke for ungar frå 8 - 14 år. Spikking, friluftsliv, tekstilarbeid, sølvarbeid og matlaging står på programmet.

I samarbeid med Noregs Husflidslag blir det for fyrste gong arrangert aktivitetsveke for born frå 8 til 14 år på Raulandsakademiet i sommar. Borna blir delt inn i grupper og får ein dag på kvar base.

Base 1: Tekstildagen

Lær å spinne på handtein, lag din eigen nøkkelring med fargerikt band. Lag ditt eige hoppetau med repslagingsteknikk. Hekle tøft panneband.

Instruktør: Amalie Riiager Larsen

Base 2: Spikkedagen

Du lærer å spikke forskjellige ting i rått materiale. Du får låne ein god og skarp spikkekniv.

Instruktør: Marit Trosviken

Base 3: Sølvdagen

Du lærer å lage eit armband eller ei fotlenke i sølv med glasperler.

Instruktør: Hilde Grandal

Base 4: Friluftsdagen

Eit samarbeid med Norsk Villreinsenter. Ein dag ute i det fri på jakt etter spor av fuglar og dyr.
Praktiske oppgåver: Lage bål og lage eit måltid på bålet, spikking m.m.

Instruktør: Tina Dahl og Brita Homleid 

Base 5: Matdagen

Bli med på kjøkkenet og lag suppe og rundstykke til gruppa di. Rundstykka kan du få steikt i vedfyrt steinomn eller på bål. Etterpå lagar vi solskinnslefser.  

Instruktør: Anne Lise Andersen

SYN FRAM ARBEIDET

Sundag føremiddag blir det utstilling av ting som er laga på kursa. Me inviterer foreldre og andre. Utdeling av kursbevis.
 

Påmeldingsfrist 1. mai

> MEIR INFO - MELD DEG PÅ - RAULANDSAKADEMIET

Aktivitetsveka er støtta av Telemark Fylkeskommune, Folkehelseprogrammet, Varden Xtra, Tinn Sparebank, Noregs Husflidslag, Norsk Villreinsenter m.fl.

> LAST NED HEILE KURSKATALOGEN 

Raulandsakademiet er den staden i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk!

          

9. - 15. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
   V  V  V  V  V  V


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.