HEIM > OPPLEV > KURSTIPS # 4: Treskjering, dragestil


KURSTIPS # 4: Treskjering, dragestil

Kultur frå i går til i dag


KURSTIPS # 4: Treskjering, dragestil

6 mai 2013

Få grunnleggande innføring i dragestilen i norsk treskjerartradisjon. Ta eit kurs på Raulandsakademiet i juni.

Du får ei praktisk tilnærming til dragestilen gjennom skjering av ulike dragestilornament.

I tillegg blir det fokus på stilhistoriske trekk ved dragestilen, praktiske element ved skjering i dragestil, grunnleggande materiallære, grunnleggande slipeteknikk, utveljing av eigna utstyr, emnetilpassing og prinsipp for overflatebehandling.

Kurshaldar er Rune Hjelen. Han er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark. Les meir på heimsida hans : www.runehjelen.no

Kurshaldar har ulike teikningar som deltakarane kan bruke. Kurset høver både for nybyrjarar og for meir øvde treskjerarar.

Dato: 24. - 30. juni
Påmeldingsfrist: 13. mai 

> MEIR INFO - MELD DEG PÅ - RAULANDSAKADEMIET

> LAST NED HEILE KURSKATALOGEN

Raulandsakademiet er den staden i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk!

24. juni - 1. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.