HEIM > OPPLEV > Lokal mat > Øyfjell brau


Øyfjell brau

Kultur frå i går til i dag


Øyfjell brau

I Øyfjell i Vinje blir det baka eit heilt spesielt flatbrød.

Då damene i Øyfjell brau dreiv i idéfasa var målsetjinga heile tida å lage eit spesielt brau. Eit brau som ikkje berre vart nytta til suppe og middag. Det klarte dei, og brauet kan godt etast som eit alternativ til potetgull.

Damene i Øyfjell brau bakar også kling på bestilling året rundt.

Øyfjell Brau siktar ikkje mot masseproduksjon og fotfeste i kjedebutikkane. I Vinje kan du få tak i brauet i daglegvareforretningane i Åmot, på Rauland og i Øyfjell. Elles satsar dei på privatmarknaden og på spisestader som ynskjer å tilby gjestene sine noko spesielt. Dei leverer i dag brau til eit lite knippe hotell og ei eksklusiv fisk- og viltforretning i Oslo.

Øyfjell brau blir baka i den vesle bygda Øyfjell i Vinje.

Les avisartikkel frå Vest-Telemark blad:

Blide damer i bakeriet. Foto: VTB



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.