HEIM > OPPLEV > Mange påskeskirenn i Vest-Telemark


Mange påskeskirenn i Vest-Telemark

Kultur frå i går til i dag

Pylsebui på Stavsvatn, 1000 moh, Grendelåmi

Unge friskusar på Grendelåmi

Grendelåmi: Utsikt mot Vehuskjeringi 

Utsikt frå Knarren rundt


Mange påskeskirenn i Vest-Telemark

22 mars 2013

Det vert arrangert fleire flotte turrenn i vestfylket i påska. Her er noko for både mosjonistar og racerar, store og små.

FYRÅLÅMI

Fyrålåmi vert arrangert på Skafsåheia palmesundag 24. mars. Låmi er ca 20 km i lett og fint terreng, og er maskinpreparert. Det er Åmdal IL som arrangerer og dei held i tillegg ein stor basar på Åmdals Verk Samfunnshus med mange fine gevinstar. På samfunnshuset kan ein også skaffe seg kjempegod suppe, pølser, kake, kaffi og brus.

Velkommen til ein triveleg ski- og basar dag, helsar Åmdal IL!

> Les meir om Fyrålåmi her (Last ned invitasjon)

RAULANDSLÅMI

Palmesundag 24. mars er også dagen då IL Dyre Vaa arrangerer Raulandslåmi. Raulandslåmi er eit familievennleg turrenn som startar på Rauland høgfjellshotell og endar opp i Rauland sentrum. Løypa er 20 km lang. Det vert premiering og servering av mat og drikke i mål.

> Les meir om Raulandslåmi her

GRENDELÅMI

Det tradisjonsrike familierennet Grendelåmi går frå Rauland til Øyfjell  på Skjærtorsdag 28. mars. Turen går i flott høgfjellsterreng og er ca 20 km lang. Midtvegs på Stavsvatn, ca. 1000 m over havet, møter du blide fjes i ei pølsebu med varm drikke og anna godt å få kjøpe.

Etter morosame nedoverbakkar på slutten av turen kan ein få kjøpe Jorunns gørrgode lapskaus og anna godt på Øyfjell grendehus.

Påmeldinga skjer på Raulandshuset og det går buss frå Øyfjell til Rauland både før start og etter målgang. Arrangør er IL Dyre Vaa, avdeling Øyfjell.

> Les meir om Grendelåmi her

KNARREN RUNDT

Det populære Knarren rundt vert arrangert skjærtorsdag 28. mars av IL Tørn og Fjågesund IL. Løpet har vore arrangert heilt sidan 1979.

Rennet er eit vanleg turlangrenn på Fjågesundheia, mellom Tørdal og Fjågesund, men turrennet skil seg likevel ut frå ordinære turrenn fyrst og fremst med den korte lengda på 11,5 km. Kanskje er det dette som gjer løpet så populært?

Til trass for kort lengde går løparane innom tre kommunar; Kviteseid, Drangedal og Nome. Starten går i Kviteseid kommune, deretter kjem ein til Drangedal og så Nome før ein avsluttar i Kviteseid att.

Namnet på løpet kjem av fjellet Knarren som kneisar 748 moh. Løypa rundar denne nokså markerte toppen, og frå gamalt av skal dette området ha vore kjent bjønneterreng.

> Les meir om Knarren rundt her (Last ned invitasjon)

Frå Knarren rundt

Frå Fyrålåmi, foto: Hallbjønnsekken

Knarren rundt



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.