HEIM > OPPLEV > Snoformingsfestivalen for 12. gong


Snoformingsfestivalen for 12. gong

Kultur frå i går til i dag

Finn oss på facebook!


Snoformingsfestivalen for 12. gong

23 jan 2013

I løpet av tre dagar i februar vert firkanta snoklossar forvandla til skulpturar og kunstverk i Åmot sentrum. Meld deg på, og delta i snoforminga!

15. – 17 februar samlast store og små i Åmot sentrum, for å lage skulpturar og installasjonar i sno. Festivalen starta opp i 2001, og har blitt arrangert årleg sidan, berre med eit opphald i 2005. Temaet for festivalen i år er ord – bru.

Frå kube til kunst

Alle deltakarlaga byrjar med blanke ark, der ein firkanta snokloss er utgangspunktet. Laga skal i løpet av festivalen omdanne kuben til eit kunstverk ved å nytte enkel reidskap som spade, sag og snorasp. Dei ulike skulpturane vert vurdert av ein eigen jury som skal vurdere både tekniske og den kunstneriske utføringa.

Det vert tevla i fleire klassar under festivalen. Dei over 18 år tevlar med stor kube, og dei under 18 år tevlar med liten kube. Deltakarar med stor snokube får dekt eit varmt måltid og losji av tilskipar frå fredag til sundag. Losjien er i enkel og triveleg campinghytte tett ved festivalområdet. Laga må sjølve ta med reidskap til arbeidet, men arrangøren stiller med utstyr som stigar, sager og snorasper.

I tillegg til snoforming kan deltakarane og publikum glede seg til både quiz, bålkos, hopprenn, skirenn og dans.

Meld deg på!

Ynskjer du å vera med å lage snoskulpturar 15.-17.februar?

Ta kontakt med Signe Marie Kittelsaa om du ynskjer å delta. Send ein e-post eller slå på tråden!

E-post: signe.m.kittelsaaSPAMFILTER@vinje.kommune.no <signe.m.kittelsaaSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Tlf: 35 06 23 00
Mobil: 958 97 895

OG HUGS: Festivalen blir arrangert – uansett vêr!

> Sjå fullt program, og les meir her

15. - 18. februar 2013

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  V


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.