HEIM > OPPLEV > Vårmarknad i Seljord


Vårmarknad i Seljord

Kultur frå i går til i dag


Vårmarknad i Seljord

1 mai 2013

10. og 11. mai vert det vårmarknad på Dyrskuplassen i Seljord igjen. Marknaden vert avslutta med konsert med Morten Abel på laurdag kveld.

Vårmarknaden i Seljord samlar årleg om lag 6500 besøkande, 240 utstillarar og 160 campingeiningar. Arrangementet er i positiv utvikling og besøkstalet aukar år for år.

Marknaden har ei spennande blanding av gamalt og nytt. Her kan ein gå på skattejakt og finne antikvitetar og motordelar ein har jakta på lenge, samstundes som ein finn det nyaste nye innanfor ferie og fritidtidskategoriar.

På laurdagskvelden avsluttast vårmarknaden med konsert med Morten Abel.

Veteranbilutstilling

Veteranbilutstillinga er eit flott skue av gamle gode veteranbilar og køyretøy. Etter ein lang vinterdvale stiller veteranane blankpussa og fine på vårmarknaden. I fjor stilte det om lag 130 veterankøyretøy. Dyrsku'n arrangement inviterer alle som har køyretøy som er over 30 år, til å stille på vårmarknaden.

God mat

Storstogo servering tilbyr god heimelaga mat med ein variert meny som serverast frå fleire utsalsplassar på marknadsområdet.

> Les meir om vårmarknaden på Dyrsku'n sine heimesider!

10. - 12. mai 2013

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.